Det er det ruvande understellet til Johan Sverdrup-plattforma som no pregar aktiviteten ved Kværner sitt verft i Verdal. Men til sommaren tek dette arbeidet slutt, og ordrebøkene står no tomme, skriv Stord24.
Difor er søsterverftet til Kværner Stord heilt avhengig av at det kjem nye kontraktar i løpet av hausten, skal det framleis vere aktivitet i Verdal.
Avhengig av nytt arbeid
– Me er avhengige av å skaffe oss nye kontraktar før jul skal me ha noko å gjere til våren og sommaren 2018, seier konserndirektør for strukturelle løysingar i Kværner, Sturla Magnus til Trønderavisa.
I mellomtida har også Kværner i Verdal sikra seg deler av arbeidet med oppgradering av Njord-plattforma.
Denne veka starta dei arbeidet med å byggje forsterkingar til skroget. Denne kontrakten er verdt rundt 100 millionar kroner, og er venta å sysselsette rundt 60–70 tilsette det neste året.
Alternativ
Sturla Magnus seier til avisa at eit alternativ for verftet kan vere å sende arbeidarar til Stord for å bidra til femmilliardersoppdraget på renovering av Njord-plattformen, dersom dei ikkje skulle vinne nye kontraktar.
Kværner Verdal har i dag 766 tilsette, og har spesialisert seg på å bygge stålunderstell.